Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
  Heim  >  Nytt  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Electronic Poetry Festival
  Tirsdag 15. Mai 2007
Det finst andre spennande og annleis festivalar. Det finst til dømes ein Electronic Poetry Festival i Paris , som går no frå søndag 20. til onsdag 23. mai. Der er Jeorg Piringer med. Han tok del i Bergen Poesifestival med eit verk som likna på «konkret musikk», Spambot; det var hausten 2005. Der er Maria Engberg, som hadde eit fint essay på nettidsskriftet nypoesi i fjor vår, inne i Paris-programmet alt søndag, opningsdagen... Ho bruker omgrepet «digital poesi» i essayet, som rommar mange dikt-prøver på nettet (bra i seg sjølv).

Den som opnar ballet i Paris, er Clemente Padin.

Og der er, ser eg, eit norsk namn:
Bjørn Magnhildøen
, både nettpoet og nettkunstnar, presenterer ein stor produksjon, med på programmet onsdag kveld. Berre for å nemne folk vi burde vite om på den internasjonale deltakarlista i Paris. Ein annan norsk som reiser til festivalen, er da Samlaget sin visuelle poet, Ottar Ormstad .


Nytt Mai 2007:

Trend og tendens?
Torsdag 31.

Electronic Poetry Festival
Tirsdag 15.

Filosofifestival-arrangement
Søndag 13.

AFP * arbeidarklassen og dikt
Fredag 11.

Kraftsentrum med Øverland
Mandag 7.

Barokk Helge Torvund
Søndag 6.

Internasjonale 1. mai er over
Onsdag 2.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn