|
AFP * arbeidarklassen og dikt
Fredag 11. Mai 2007 |
|
|
Noko som alle veit, er at det har vori ein organisert streik på mange norske arbeidsplassar mot endring av AFP-ordninga. Dvs avtalefesta pensjon. Altså er ikkje arbeidarklassen daud. Her skal eg presentere eit dikt mellom partifeller, også dette går nemleg an; og han som har skrivi diktet, er med i Stord Ap, Gustav Rasmussen. Eg håper at kjelda mi, som her har nytta epost, har fått med seg riktig variant av diktet:
Kan du svara meg no Bjarne Håkon,
søv du om natta godt?
No når du kuttar pensjonen,
som slitarar skulle fått.
Du reduserar pensjonen til desse
som ville tatt AFP.
Og alle partia på «tinget»
fekk du jaggu med deg på det!!
So vidt eg høyrer Bjarne Håkon,
har De berga eigen pensjon.
Men det er jo rimeleg viktig,
så då har du gjort din misjon???
Eg er rimeleg sint her eg sete,
eg sov ikkje godt i natt.
Den skatt eg i livet betalte,
den gjekk vel til «sjørøvarskatt»
Men det kjem vel ein dag etter dette,
då folk vil kreva sin rett.
Etter plikta dei vel utførte,
i kvardagen sliten og svett.
Eingong eg høyrde i talar,
eit ord som bar bod om vet.
Eg vil minna deg på det ordet,
det stavast SOLIDARITET !!!
Ha ein pensjonsrik dag.
Eg har skrivi og lagt ut ein artikkel om leiting etter arbeidarlitteratur, ein artikkel som rommar definisjonen av arbeidarklassen .
|
|
|
|
|
|