Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2007

Trend og tendens?
Torsdag 31.

Electronic Poetry Festival
Tirsdag 15.

Filosofifestival-arrangement
Søndag 13.

AFP * arbeidarklassen og dikt
Fredag 11.

Kraftsentrum med Øverland
Mandag 7.

Barokk Helge Torvund
Søndag 6.

Internasjonale 1. mai er over
Onsdag 2.

Søndag 6. Mai 2007

Barokk Helge Torvund

Overskrifta her kan lyde som ei sjølvmotseiing, sidan poeten Helge Torvund er kjend - for meg! - for å satse på det forsiktige og sikre både når det gjeld ordbruk og rytme. Men så såg eg den nye boka hans hos ein venn, og der var det andre tonar og svære barokke flater. Eg kunne med ein gong sjå at dette ikkje var kvardagskost i norsk lyrikk, heller eit unntak, heller ei opning. Enn så lenge får de nøye dykk med melding av Håvard Rem og melding av Eirik Lodén, det som eg har funni på nettet.

Håvard Rem er svært entusiastisk i Dagbladet. Om Håvard Rem er det å seie at han heilt sidan byrjinga av 1980-åra har etterlyst ein poesi som den Helge Torvund forsøker seg på no. Med hell. (Ja, eg meiner både at Helge Torvund forsøker seg på barokk med hell, og at Håvard Rem etterlyser med hell.)

Og Eirik Lodén, som høyrer til retropoetane og dermed har eit program for å oppvurdere -& forsøke seg på - visse former for historisk poesi, han finn Helge Torvund sine nye resultat som høgdepunktet i forfattarskapen!

Meldinga i Dagbladet .
Meldinga i Stavanger Aftenblad .
Og her er eit ferskt og allsidig intervju med Helge Torvund, gjort av Silje Stavrum Norevik i Bergens Tidende .
Er du interessert i eit intervju med Torvund som tar føre seg skrivinga og prosessen med dikta? Her i Dagbladet . Diktet Bosch i Venezia kan du lese her.



Ps 10/5:
Eg vil bruke eit diktdøme sjølv, etter å ha lesi meire i boka til Torvund.... Ovafor var eg inne på store barokke ordflater. Der må vel også Bosch i Venezia nemnast inn. Sjølv i den relativt mindre einstrofaren ANDLET, MOLD - og trass i det alvorlege temaet i dette diktet - har diktet glede over orda, ikkje avsky:


Ei rørsle frå andletet og ned i mold, ei rørsle frå sommarfugl til lauv til jord
Ei fuktig moldkjensle som avviser varme Eit brød av bork som lukkar seg til
Ein bekk som glitrar av røde lauv og lyset sine gitarstrenger mellom tre
Gravene som er gravne og salmane som er sungne Hjula på bilane som står



(Men eg hadde dessverre ikkje breitt nok format på spalta mi til å gje ut slike lange diktlinjer ubrotne.)



Ps: I 20011 kom Helge Torvund ut med diktboka Alabama .