|
Internasjonale 1. mai er over
Onsdag 2. Mai 2007 |
|
|
No har det blitt 2. mai, 1. mai er over, og vi tel demonstrasjonstog og folk på gatene utan handleærend. Det er blitt fleire i rørsle, kanskje, i følgje media. Dette tyder ein kommande kommunevalkamp med meir deltaking enn sist og meir ideologi enn sist. Slikt er ikkje meg imot.
For få dagar sidan døydde Karin Westhrin (SV Kragerø) bråttt utan noka sjukeleie først, og gravkapellet var stint i gravferda. SV-leiinga i Noreg var til stades sidan Karin var mor til tidlegare nestleiar og no statssekretær Henriette Westhrin; men vi var også heilt andre der - til dømes meg i Raudt - vi som alle tykte at også vi hadde del i Karin og i hennar aktive idéar.
Og diktet som Karin ofte greip tilbake til, slik vi høyrde i kapellet, var Nordahl Griegs Til ungdommen, kommunisten Nordahl Grieg sitt dikt. Eg skal prøve å finne det på nettet, iallfall plukke ut linjer frå dette diktet som Karin brukte.
Jo, her fann eg med ein gong, ved å søke, diktet, med stor skrift, det er greit med internett slik, diktet Til ungdommen .
|
|
|
|
|
|