|
Theodor Kittelsen og sjel
Mandag 23. April 2007 |
|
|
I eit av dikta som eg gav ut i fjor, kom eg inn på Kittelsens syn på sjel.
For 150 år sidan, den 27. april 1857, blei Theodor Kittelsen fødd i det noverande «Kittelsenhuset» i Kragerø. Med denne tidsramma framfor heile nasjonen er det duka for eit større kunstnarjubileum, m.a i Kragerø. Kunstnaren voks opp i Kragerø, og han vende stadig tilbake som ung vaksen - til fødebyen.
Og det var herfrå han henta inspirasjon til mykje av kunsten sin, meiner kjeldene i kommunen. Like sikkert er det at Kittelsen henta inspirasjon andre stader frå, mellom anna Sauherad , der farsslekta heldt seg, og frå Sigdal , der kunstnaren med familie budde 1889-1910. På desse stadene, og fleire til, er det jubileumsfeiring dei nærmaste dagane eller utover i året. For Kragerø, med øyene Skåtøy og Jomfruland, blir det da i alt tolv arrangement, irekna fire utstillingar, fordelte utover - fram til 29. juli.
Kittelsen er den store teiknaren for norsk kunsthistorie.
På fredag opnar den lokale kunstnargruppa Bølgeblikk ei utstilling av arbeid som er inspirerte av Kittelsens naturmystikk og av Kittelsens serie med byskildring: «Livet i de små forhold». På laurdag held kunst-historikar og Kittelsenekspert Holger Koefoed foredrag kalt: «Theodor Kittelsen - ein tusenkunstnar».
Her kjem det diktet som eg plasserte teiknaren Kittelsen inn i. Diktet er eitt av tre dikt som eg vil lese på opninga av kunstutstillinga på fredag. Det neste diktet dreier seg om «livet i små tilhøve», medan det tredje og siste diktet tar utgangspunkt i det kjende eventyret om dei tre bukkane Bruse. sjel heile vegen
Wergeland med vindauge gav dyra sjel
Kittelsen gav dyra sjel.
Har dyra sjel? Er det formasteleg!
Har dyra sjel og slekt som oss? Kan godt vere
Har sommarfuglen dradd sin kos med ære
frå kroken min? Det har han da
Har lusa noko som vi deler
Og lusa ser vi ikkje dagen lang
Kva er parolen her? Jo, parolen i diktet er: Les om insekt!
Ps 30/4: Diktlesinga mi 27/4 var tema i Tilbakemeldingsspalta under Kva er poesi? (2).... Når Holger Koefoed heldt foredraget sitt om Kittelsen dagen setter, var Legaten fullsett. Koefoed godtok ikkje at arrangøren, Kragerø Berg museum, hadde kalt Kittelsen ein «tusenkunstnar». For Koefoed tykte nemninga «multikunstnar» var mykje meir dekkjande for teiknaren, målaren, forfattaren, bokillustratøren og treskjeraren Teodor Severin Kittelsen.
|
|
|
|
|
|