| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Apr 2007
Handtverk og litteratur
Mandag 30.
Artist gjennom eld og vatn
Lørdag 28.
Theodor Kittelsen og sjel
Mandag 23.
Erin Brockovich
Søndag 15.
Telemark mållag
Torsdag 12.
Lyrikkhåndboken. Kanon
Onsdag 11.
Jon Michelet og litlive
Mandag 2.
Torsdag 12. April 2007
Telemark mållag
På laurdag føremiddag er eg hyra for kåseri på Telemark mållags årsmøte, lagt til Dalen. Det blir ein bra veg frå Kragerø, bra i dobbelt forstand. Men eg tar da turen i to etappar - og stoppar i Drangedal. Utgangspunktet for kåseriet er bruken av nynorsk i bokmålsmiljø, bokmålskommunar. Kragerø er bokmålsmiljø.
Avisa Klassekampen, som er ei kulturavis, fyller tretti år på laurdag, tretti år som dagsavis. Så dette jubileet får eg ikkje direkte vere med på. Men eg legg inn ei lenke hit for andre som heller ikkje får vere med på feiringa i Oslo på dagen. No seier eg gratulerer. (Eg skreiv mykje for KK opp igjennom 1980-åra, og eg plar selje avisa, iallfall 1. mai.) Her om den ferske utvidinga av avisa sitt eigarskap .
Ps 14/4: Eg fekk målprisen for 2007 frå Telemark mållag i dag, fine ord for nynorskbruken min i artiklar på nettet og i avis og nynorskbruken i dikt og for nynorskbruken i politikk, eg fekk blomar og eitt trykk av Terje Grøstad. På årsmøtet kom det fram himmelropande manglar i nynorsk-fylket sin eigen bruk og nynorskkommunane sin eigen bruk av nynorsk andsynes publikum. Og årsmøtet drøfta kva ein skal gjere utifrå forslaga sende av lokallaga.
Ps 16/4: I Varden for i dag står heile grunngjevinga for målprisen 2007 .