Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Jon Michelet og litlive
  Mandag 2. April 2007
Forfattaren Jon Michelet er vel ikkje den som blir mest omtalt i litterære tidsskrift, sjølv om alle nok veit kven mannen er. Men no har tidskriftet Vinduet opna det nyaste nummeret sitt med eit nokså breitt litterært intervju med forfattaren, rundt spørsmål om kor han står litterært med romanane og kor han har henta og hentar dei litterære førebileta sine frå. Her er elles ei lenke til nettutgåva av Vinduet .

Sidan det no er april og påske, kan ein lesar også ta fram mange ulike spenningsromanar av Jon Michelet og utvide repertoaret sitt eller lese ei bok eller to om att, bøker der tematikken på ingen måte er gått ut på dato, men heller blir endra i samsvar med nye tidsaldrar, som vi mange berre dukkar inn i.


Ei anna aktuell sak for bøker:
Vil du ha eit nordisk utsyn over bøker, så har den nordiske nettstaden litlive kome ut med sitt aprilnummer . Nettstaden prøver å yte tenester ved å fange inn til, og setje opp, kalender over kommande opplesingar.



Nytt Apr 2007:

Handtverk og litteratur
Mandag 30.

Artist gjennom eld og vatn
Lørdag 28.

Theodor Kittelsen og sjel
Mandag 23.

Erin Brockovich
Søndag 15.

Telemark mållag
Torsdag 12.

Lyrikkhåndboken. Kanon
Onsdag 11.

Jon Michelet og litlive
Mandag 2.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn