|
Ordførar og kommuneval
Lørdag 31. Mars 2007 |
|
|
I dag er det 31.mars. Kva for ein dag er dette? Jo, siste frist til å levere vallistene frå partia inn til administrasjonen i kommunen. Dessutan er det jo laurdag i dag og ingen kommunal arbeidsdag, slik at det er best å vere inne med lista på fredag, slik vi også var, i Kragerø RV.
Gjennom vervet mitt som nestleiar i bygningsrådet har eg no hamna på toppen av RV-lista denne gongen, og eg er dermed partiet sin ordførar-kandidat. For nokre veker sidan var eg på det landsmøtet som gjorde om RV til Rødt, med formell verknad frå 1.oktober i år. Ja same kva, her vil eg sitere opningsdiktet i boka bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar . Diktet kjem her:
entré i bygningsrådet
Kva skulle eg ta meg til? Niels Lyngsø, den danske poeten, har forklårt meg samanhengen mellom lyrikk og arkitektur. Men samanhengen fekk eg jo påtvungi lenge før eg las om dette i boka Morfeus. Eg hadde hamna i partipolitikken og derigjennom vidare til bygningsrådet lokalt og den produktive plan- og bygningslova
Byggesakene gjekk føre seg medan eg skreiv om hus, kjærleik og poesi
Que sera, sera!
Kva slåss vi om i kommunen? Det er blant anna arkitektur, sjå her - frå januar og februar. Og poeten finn seg etterpå midt i striden, meir midt i det politiske, som ordførarkandidat.
|
|
|
|
|
|