Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2007

Ordførar og kommuneval
Lørdag 31.

UNESCO og poesi
Mandag 26.

Leonard Cohen til Noreg
Lørdag 24.

Klyve og Fløgstad og Raattamaa
Lørdag 24.

Paris og Mona Lisa
Søndag 18.

Eg likar Jakob Sande
Torsdag 15.

Poesi og media
Torsdag 1.

Lørdag 24. Mars 2007

Klyve og Fløgstad og Raattamaa

For måndagsavisa av Dagbladet blei eg beden om å skrive til spalta I bokhylla - på grunn av Helge Torvunds lange melding av samlinga Bjørka til Dahl og femtito kameratslege oppmodingar. Det blei gjort, jada, og fordi spalta I bokhylla ikkje alt er lagt ut på nettet, gjer eg det like gjerne her og no... Ein startar med presentasjonen:

Helge Rykkja
debuterte i 1966 med BOK og har sidan gjeve ut ti bøker til, vesentleg lyrikk, den siste var Bjørka til Dahl og 52 kamerats-lege oppmodingar, boka kom i fjor. Helge Rykkja har ein stadig oppdatert og godt besøkt nettstad: www.helgerykkja.com


Lars Mikael Raattamaa: Svensk Dikt.
Raattamaa prøver å dikte om igjen dei store kjende svenske dikta. Ein av dei fryktlause i ny svensk litteratur. Han kjem stadig med noko heilt nytt.

Inger Christensen: Samlede digte.
Christensen står fram som systemdiktaren i Norden. Gud hjelpe meg kor mykje mange har å lære av henne, ikkje minst i vår tid. Kjenner du henne ikkje? Vel.

Kjartan Fløgstad: Grand Manila.
Denne nye romanen kan eg tilrå som dramatisk og opp-levingsrik. Eg har ikkje høyrt til Fløgstads aller mest trufaste tilhengjarar, men denne breie sosiale romanen, der finske Dørmænen går som gjennomgangsfigur, er berre det beste. Vi er i industrien, men romanen tek oss også gjennom den finske borgarkrigen mellom dei raude og dei kvite, og romanen gjev augeblinksbilete av dei finlandssvenske modernistane i litteraturen.

Øyvind Rimbereid: Hvorfor ensomt leve.
Dette er ei ny essaysamling, av det kunnskapsrike slaget. Og Øyvind Rimbereid blir nytenkjande ved å gå lenger tilbake i tida enn det er vanleg å gå, når ein uttaler seg om samtida. Rimbereid er ein yngre forfattar som har gjeve ut både prosa og lyrikk, mest kjend er science fiction-dikta Solaris korrigert.

Odveig Klyve: Det andre blikket.
Klyves dikt i denne boka skildrar tilhøvet mellom dotter og dementsjuk mor og skildrar på ein spennande måte. Takk skal du ha. Klyve er også barnebokforfattar, omsetjar og filmmakar.



Ps (etter at Dagbladet...) med tips: Alle desse forfattarane - minus Inger Christensen - kom ut med bok i fjor haust (2006).... Og det finst notisar eller artiklar om dei alle fem her på nettstaden:
Raattamaa
Christensen
Fløgstad
Rimbereid
Klyve