Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2007

Ordførar og kommuneval
Lørdag 31.

UNESCO og poesi
Mandag 26.

Leonard Cohen til Noreg
Lørdag 24.

Klyve og Fløgstad og Raattamaa
Lørdag 24.

Paris og Mona Lisa
Søndag 18.

Eg likar Jakob Sande
Torsdag 15.

Poesi og media
Torsdag 1.

Søndag 18. Mars 2007

Paris og Mona Lisa

Nettstaden er ute på reise att, sist var det Cuba - , denne gongen til Baudelaires by, Paris, der vi skal sjå godt på både Mona Lisa og på Nattverden. Vi flyg i dag, og legg sakene i Kragerø attom oss for fem dagar. Det er viktig for ein som underdriv likt inntrønderane, å bruke s'il vout plait og vere høfleg heile tida i Paris, for parisarane er nøye på det, og det nyttar deg lite å komme frå bondelandet til akkurat denne byen utan å slå deg fram. Det er førti år sidan eg var i Paris, og mykje kan vere endra, men eg trur det eigentleg ikkje. Den gongen vitja eg fleire delar av landet, m.a ved hjelp av ein sykkel, noko dette sykkeldiktet vitnar om: Så langt ned som Middelhavet .

Ein rapport frå opphaldet i kunstnarbyen over alle kunstnarbyar vil komme...


Ps 19.3, foerst: Eg skulle eigentleg vori paa aarsmoetet i DnF i helga, der eg alltid plar vere, men maatte melde avbod til fordel for Paristuren. Og no har vi vori i Louvre sine enorme bygningar, med eit stort menneske-hav, saerleg i den italienske delen av Louvre. Dette gaar bra - .

Medan eg vandrar i franske bakgatar og i impresjonismemuseum og seier mykje av s'il vout plais, og ser at Monet er den som aldri sviktar, da kjem det inn ei interessant melding av boka mi i Dagbladet .


I dag - 21/3 - saa var vi innom Montmartre og Sacre-Coeur (for aa sjaa utover byen) og kyrkjegarden med grava til Heinrich Heine, personen som blei i Paris og som eg har dikta eit dikt til ... Straks etterpaa skal vi vitje Montparnasse-kyrkjegarden, der Baudelaire , Guy de Maupassant og Sartre og Simone de Beauvoir er. Korleis det blir med Pantheon (som Cohen skreiv dikt om) veit vi ikkje.


Etterskrift to dagar etter heimkomsten, som var 22/3: Klårt at eg la merke til alle dei alminnelege (og vennlege) folka, storbyfolka, ja, dei mange afrofranske, eg la merke til dei smålåtne men regisserte vegskilta (skilt i det heile), metrosystemet i fleire etasjar, tulipanane, store grøne lunger, trea (særleg platanane), heile den flate Parissletta... Og franskmennene trudde naturleg nok at vi var hollandske eller tyske.


Ps 5/5: No sende nrk 2 tredje episode i den britiske dramadokumentaren om impresjonistane , der Claude Monet er gjennomgangsfigur, og har rolla som «komentator». Eg tykte denne serien var sjåverdig og gav eit visst innblikk i dei ulike målarane som var innom impresjonistskolen.