| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Mar 2007
Ordførar og kommuneval
Lørdag 31.
UNESCO og poesi
Mandag 26.
Leonard Cohen til Noreg
Lørdag 24.
Klyve og Fløgstad og Raattamaa
Lørdag 24.
Paris og Mona Lisa
Søndag 18.
Eg likar Jakob Sande
Torsdag 15.
Poesi og media
Torsdag 1.
Torsdag 1. Mars 2007
Poesi og media
Media tildekker poesien, hevdar Torgeir Rebolledo Pedersen i ein ny artikkel på nettstaden til Den norske Forfatterforening . Han er ikkje den første som har reist problemet. På Morten Wintervold sin nettstad samla han den 23. november ei rekkje fråsegner under den lange over-skrifta (gå nedover sida for å finne:) «Poeten er skikkeleg lite pop (...)»
Torgeir Rebolledo Pedersen han fortalde forresten at radioprogrammet Poesitid er tilbake igjen på lufta, fredag/tidleg søndag. Hanne Bramnes kjem 9./11.mars, ser eg no. Jubilanten Rolf Jacobsen er på 16./18.mars, i eldre opptak, får ein tru. Ved å trykke deg inn på Poesitid kan du enkelt høyre fleire av programma (når du vil). Det har vi tid til.
Det er symptomatisk, skjønar eg, at det nettopp er dei to «slampoetane» Torgeir Rebolledo Pedersen og Morten Wintervold som uroar seg mest over uvennskapen mellom poesi og media. Media opererer altfor mykje med båsar sette av forbruksmarknaden, meiner eg. Og dette kjendiseriet i media, med kjendiseriet i litteraturen, er ein aukande del av forbruks-marknaden.
Ps: Her er litt eige stoff frå november 2005, da Poesitid var ille ute .