|
Arkitektur og opinion
Tirsdag 20. Februar 2007 |
|
|
Eg høyrde den klingelyden frå etasjen under, der eg sat på kontoret mitt oppe, den lyden som skulle vere mobiltelefonen. Men så synte det seg likevel at lyden hadde kommi utefrå, fuglane tykkjer det er syngetid, sjølv med stort snøver i vente. Da eg flytta hit til Kalstad pr stor flytte-bil m/ piano i den verste snøføyka siste år, var det blitt 1.mars. Fuglane kan eg da godt høyre. Det står ikkje så verst til.
To store opinionsbølgjer har kommi over Kragerø og Hamnefronten i Kragerø. Først reagerte somme folk på dei høge bygningane som skulle byggjast. Desse uvanlege bygningane - dei ville jo delvis dele byen i to og delvis stenge dei eldre husa ute frå sjøen.
Ved den andre opinionsbølgja fekk folk sjå avisteikningar som minte om legoklossar eller containerhamn eller drabantbyblokker. Da var det at det estetiske blei ein folkesport. Det førte til slutt så langt i Kragerø-politikken at kommunestyret vedtok å krevje ”bebyggelsesplan” for kvart delområde på hamna, slik at også nyarkitekturen må ut på høyring og ikkje skal avgjerast av berre rådmann (ordførar) eller av berre dei ni personane i bygningsrådet.
|
|
|
|
|
|