|
Filosofi i Kragerø
Onsdag 14. Februar 2007 |
|
|
Somme har kanskje sakna filosofi på denne nettstaden? I Kragerø blir det gjennomført ein filosofi-festival 1. - 3. juni . Det er ei helg. Som ein forsmak på filosofifestivalen har det blitt arrangert nokre «forøvingar», med bl.a Jostein Gaarder, Thomas Hylland Eriksen og Beate Børresen . Dette har vekt stor interesse og aktivisert mange i vidare arbeid, for å seie det kort og tørt.
I samband med festivalprogrammet kjem litteraturen heilt naturleg inn. Arrangørane har alt sikra seg forfattarar som dei ønsker seg. (Men alt er ikkje klårt.) Sjølv skal eg delta i gildet som ein lokal lyrikkjendis; det er da både ei ære og ei oppgåve. Som de ser av programmet lagt ut på nettstaden - sjå oppe - kan ein byrje å tinge billettar til somme av dei mange arrangementa.
Sjå Filosofi for fulle hus .
|
|
|
|
|
|