| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Feb 2007
100 år for Rolf Jacobsen
Lørdag 24.
Arkitektur og opinion
Tirsdag 20.
Nytt dikt av Obstfelder
Mandag 19.
Filosofi i Kragerø
Onsdag 14.
Rimbereid og topografiske dikt
Fredag 2.
Fredag 2. Februar 2007
Rimbereid og topografiske dikt
Somme her i landet er interesserte i klassisk og annan førromantisk litteratur. Både Georg Johannesen og Kjell Heggelund kan reknast dit av poetane i Noreg. Frå seinare tid, frå ein seinare generasjon, kan nemnast Øyvind Rimbereid, aller mest kjend for diktsamlinga Solaris korrigert, som kom for eit par år sidan. I fjor gav han ut essaysamlinga Hvorfor ensomt leve, som både ber preg av sjeldan stor interesse for førromantisk dikting, og som gjev grunnlaget, slik eg ser det, for hans eigen lyrikk, ikkje minst gjer det lange essayet Om det topografiske diktet det. Eg har tenkt å leggje ut delar av essayet, med kommentarar, i artikkelspalta. (Eg driv no og fordøyer heile boka.)
Her har Ronny Spaans meld Rimbereid i Dag og Tid .
Her har Ronny Spaans meld Rimbereid i Dag og Tid .