Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Dikt akkurat no
  Lørdag 27. Januar 2007
Kva er den jamne internettbrukar mest interessert i når det gjeld dikt? Teljeapparatet på nettstaden min kan kanskje gje ein peikepinn på kva internettbrukaren er mest ute etter innafor lyrikk. Held vi oss til siste del av fjoråret, kan eg nemne desse innslaga knytta til artiklar som er mest besøkte:


Sjå på: Vennskap i lyrikk pga søkeord på slike tema som vennskap og vennedikt . (Vennskap og vennedikt og vennskapsdikt er eigentleg den store sensasjonen på rankinglista, og artikkelen min kom opp i august.)

Sjå på: Ei tekstside om Tor Jonsson pga søkeord som død og kjærleik og Tor Jonsson og Haldis Moren Vesaas . (Tor Jonsson er døropnar på nettstaden min også pga diktet Til ein namnlaus.)

Sjå på: Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon? pga omtalen min av spesifiserte Jan Erik Vold-dikt .

Sjå på: Konkret i poesi? pga mange ulike søkeord, mest brukte er død og Inger Hagerup, men også fire termar i konkret poesi er innfallsport.


Dette er altså fasiten min. Merk at lista er sett opp etter registrerte treff på ulike søkeord. Eg trur at treffa er sjølvforsterkande, for det som folk bruker av treff, det rykkjer jo etter kvart høgare opp på trefflistene hos kvasir, hos sesam, hos googles osb. Eg kan leggje til at to tema hos meg har hatt ein stor auke i haust, det er Henrik Wergeland , og det er Per Kleiva . (I det siste tilfellet trur eg at mangelen på stoff om norske målarar er grunnen til alle treffa hos meg, denne årsaka kjem i tillegg til at Per Kleiva er i vinden som utstillar.) Innimellom kjem ein tidleg nett-artikkel om Inger Christensen og systemdikt ofte opp, gjennom søke-ord som Alf Prøysen, Arnljot Eggen og andre namn på 1960-talet .


For enda fleire detaljar i søkeord-soga, gå inn på tilbakemeldingspalta og trykk deg inn (litt nedover) på overskrifta «Statistiske treff».


Nytt Jan 2007:

Dikt akkurat no
Lørdag 27.

Å bryggebu i glas og kapital
Torsdag 25.

Dei galne
Lørdag 6.

Zareptas poetiske krukke
Onsdag 3.

Edvard Grieg fortel
Tirsdag 2.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn