|
Å bryggebu i glas og kapital
Torsdag 25. Januar 2007 |
|
|
Poeten har dei siste vekene pleid sine plikter i heimbyen overfor plan- og bygningslova. Rett nok har eg skrivi dikt om denne lova f.eks i fjor og forfjor, men sjøprosjekta pressar på, og nye palass vil opp i hamne-fronten rundt den eldre sjøfartsbyen Kragerø. Det er nok same sak i Kragerø som i Oslo, som i mange byar langs norskekysten eller andre kystar. Og somme utvalde stader langs denne kysten er det aller mest livsnødvendig å eige noko for å ta plass i sola og solglitteret. I dag er det vinter og ti minusgradar, men likevel heitt når det gjeld regulerings-planane i heimbyen, ein «rar liten by» (med eit sitat frå byvisa).
Ps dagen derpå: Ja, det finst mange kontrastar til bygginga av husvære og feriebustader i høg hamnefront. Her siterer eg til dømes Carl Jonas Love Almquists dikt DU GÅR ICKE ENSAMOm bland tusen stjärnor
någon enda ser på dig,
tro på den stjärnans mening,
tro hennes ögas glans.
Du går icke ensam.
Stjärnan har tusen vänner;
alla på dig de skåda,
skåda för hennes skull.
Lycklig du är och säll.
Himlen dig har i kväll.
Dette diktet om menneskeleg felleskap er frå Songes, 1849 , smådikt som blei tonsette av forfattaren. Eg har skrivi teksten ned etter den ruvande antologien «Levande svensk poesi», utgjeven for eit par år sidan i utval ved Bjørn Håkanson. Slik startar forordet i antologien, som byr på dikt gjennom 600 år (sitat):Jag tycker om att tänka mig poesin som ett vidsträckt landskap - ett landskap där topografien inte består av berg och dalar, sjöar och skogar, utan av känslor, sinnestilstand, mänskliga erfaren-heter.
|
|
|
|
|
|