|
Dei galne
Lørdag 6. Januar 2007 |
|
|
I haust kom det ut ei diktsamling om dei galne. Vi møter både ein eg-person som ser på far sin og ein eg-person som ser på barnet sitt. Ta dette diktet:
AVSKIL
Eg mista språket mitt på institusjonen
Det vart borte då eg forlét deg der
du gjekk inn i dei forbausande mørke opphaldsromma
Eg mista språket mitt i avskilstunda
som eg hadde frykta slik. Alle ord
trilla saman med deg, du språklause barn
Det var som om du kunne leika
med ball eller ord eller skuggane av
dei andre språklause borna
som flykta
Eg fekk nye ord av institusjonen Samlinga heiter Utanfor institusjonen og er skriven av Lars Amund Vaage, som er mest kjend som romanforfattar og ein dyktig sådan. I NRKs kåring av beste enkeltdikt frå 2006 kom eit dikt frå Utanfor institusjonen til finalefeltet på tre dikt, nemleg diktet HEIMKOMA .
Med det same: I haust kom det også ut ei god diktbok der eg-personen er ei dotter med dement mor. Samlinga skildrar kjenslene mellom dei to .
I tillegg har eg notert meg eit sjeldant storpolitisk tema i romanform .
_____________________________________________________
Ps: Ei fullstendig liste over Vaages bøker finst på Forfattarsentret .
Det finst også mykje opplysningsstoff på Wikipedia .
|
|
|
|
|
|