Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Spådom om lyrikk
  Lørdag 30. Desember 2006
Eg ser på teljeapparatet for nettstaden no ved årsskiftet. Tala viser at lesne sider for 2006 er dobla i høve til lesne sider for året før. Kvart døgn er elles over femti unike pc-maskinar på besøk i diktsidene her, noko som eg tar som eit godt teikn. Resultatet kan vere ei tilbake-melding på godt arbeid med nettstaden, eller det kan vere ein peikepinn på at lyrikkinteressa ikkje er på så eintydig bratt kurve nedover i Noreg, trass i fleire kriseteikn.

Ja, sjangeren lyrikk slit ein del med å fange interessa eller få sin del av interessa. Dette gjeld media, dette gjeld forlaga, dette gjeld som vanleg salet av nyskrivne dikt. (Mange seier det.) Og eg spår for neste år, 2007, at vi vil få sjå eksperimentering med nye kanalar for lyrikken, kombinert med fleire utvikla direkte diktspråk. Det er iallfall ikkje fårleg å spå.



Av nytt å nemne frå det heilt siste er at Kjartan har biletlagt fleire av artiklane no. Dette er - alle - foto som alt låg ute på internett, og som no er gjentatt. Desse fotoa av ulike poetar har ikkje blitt gjentatt for mykje, og dei toler svært godt ei plassering til.

Vi snakkar ikkje her for reklame eller reklameverdi, dersom det skulle vere tvil om det, men for informasjon. Med dette visdomsordet seier nettstaden faktisk godt nytt år ein vinterkveld før tida!


Nytt Des 2006:

Spådom om lyrikk
Lørdag 30.

Det beste diktet i år
Lørdag 23.

Ingrid Z. Aanestad med debut
Mandag 11.

Oliver Stone og Cuba
Søndag 3.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn