| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Des 2006
Spådom om lyrikk
Lørdag 30.
Det beste diktet i år
Lørdag 23.
Ingrid Z. Aanestad med debut
Mandag 11.
Oliver Stone og Cuba
Søndag 3.
Lørdag 23. Desember 2006
Det beste diktet i år
Også i år har NRK kåra det beste diktet. Både Lars Amund Vaage, Mona Høvring og Gunnar Werness har fått fortent heider i denne konkurransen, med Gunnar Werness sitt Kjære bønn som sjølve vinnardiktet denne gongen.
Blant mange gode fardikt vil eg kåre Arnt Birkedals FAR MIN BILAR GLITRANDE
Dette diktet står nesten først i Birkedals utgjeving gliper, som tar i bruk eit stort poetisk register. Gunnar Werness sitt dikt Kjære bønn er henta frå utgjevinga Hverandres, som kan kallast ei reindyrka samling.
Vil du høyre dei tre dikta i konkurransen over bli lesne av skodespelar, så trykk deg inn på programmet Ordfront .
Blant mange gode fardikt vil eg kåre Arnt Birkedals FAR MIN BILAR GLITRANDE
Far min bilar glitrande
gjennom byen
for første gong
på all den tid.
Baki bilen på ei båra
vitsar han
og oiar seg
i lapsete klede.
Som ein Lasarus igjen i slag
legg han tvilen bak seg
i lag med husnøklane,
bilar han gjennom bylysa, inn
i lengten etter å vera
engel mellom englar, prata, kasta
gammal skit mellom likemenn
gjennom forheng
i hospitalets blanke sal.