|
Oliver Stone og Cuba
Søndag 3. Desember 2006 |
|
|
Flyet vårt frå Havanna til Paris gjekk to dagar før Fidel Castro si utsette store 80-årsmarkering, der han sjølv ikkje kunne vere med. Og eg fekk nøye meg med Sverige TV2s temakveld Cuba i går, ein kveld som m.a inneheldt Oliver Stones intervjufilm på Castro frå 2000.
Vi frå Kragerø fekk ikkje med oss feiringa og nokon militærparade, men måtte nøye oss med militærfly altfor lågt over hotelltaket vårt torsdag morgon. Men stranda låg like fin, og det var ikkje noko oppstuss.
Oliver Stone og materialet frå svensk TV2 kunne eg da greit jamføre med mine eigne ferske inntrykk frå eit kort besøk (på 10 dagar)... Eit heilt oppdatert intervju med den amerikanske filmregissøren Oliver Stone år 2006 finst her: Comandante .
Inntrykket mitt etter å ha reist rundt: Skuffa over det cubanske jord-bruket, som er blitt neglisjert. Ein ting er citrusfrukt og ris, men kva med grønnsaker, å importere grønnsaker til ei slik frodig øy som Cuba skulle ikkje vori naudsynt. Kan ein trekke inn fleire utanlandske ekspertar enn gjort til no, må det vere ein god politikk. Dertil: Få repatriert ein del av den cubanske eksil-befolkninga ved å innføre langtidskonsesjon på hus. (Alle bustadhus på Cuba er i prinsippet eigde av staten.)
Filmen til Oliver Stone hadde sterke verdspolitiske implikasjonar. I den kommunistiske verdsrørsla sto vel Castro eigentleg nærmast Krustsjov ideologisk, gjekk det fram av Oliver Stone sitt intervju, som famna mykje og hadde spontane (bråe) interessante replikkvekslingar.
Under opphaldet vårt i 2006 var det mykje snakk om fåren for borgarkrig i det vakuumet som blir etter Fidel Castro. Borgarkrig vart gjentatt, særleg i reiseselskapet vårt, under bussturane. Men landet treng ikkje komme dit, heldigvis, - berre det manøvrerer riktig, meiner eg. Dette er mange samde om: at Fidel alt i alt og over tid har avgjort for mykje på Cuba, med hans eineståande personlege overtalingsevne og system av faste prinsipp og hans eigne personlege røynsler (inklusive eigne smak).
Cuba og musikk må også nemnast i ein kort rapport (var også med i bakgrunnen for Stone). Slik: Eg fekk ikkje opplevd nokon konsert med Ibrahim Ferrer eller Omara Portuondo (ho turnerer i Europa akkurat no). Men ein dansande konsert med m.a Teresa Carcia Carturla (vokal) og Alberto Valdés (trommer) vart eit av høgdepunkta på reisa. Kubansk musikk er magisk, det er eit faktum. I same gata kjem eit imponerande nasjonalmuseum for kunst, særleg notidig kunst. Kubanarane er eit estetisk folkeferd, fattige, men velutdanna.
Her er forresten eit intervju med nettopp Teresa Carcia Caturla (som tilfeldigvis var på same fly som oss frå Havanna til Paris) frå året 2000: Dansande publikum .
|
|
|
|
|
|