Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2006

Nettstaden på reise (igjen)
Mandag 20.

Lyrikkanalane
Fredag 17.

Telemarksdiktarar til Gvarv
Onsdag 15.

Tidsånda
Mandag 13.

Ingrid Aanestads roman
Tirsdag 7.

Charles Baudelaire og albatrossen
Søndag 5.

Onsdag 15. November 2006

Telemarksdiktarar til Gvarv

På kulturkaféen Leonardos øre, på Gvarv, stiller fire poetar torsdag den 16. Dette er dei fire: Jørn Berget, Helge Rykkja, Arvid Torgeir Lie og Reidar Ekner, som alle har kommi ut med diktsamling i år. Arrangementet byrjar kl 19. Om denne lyriske hendinga finst og vil det finnast meir av i Tilbakemeldingsspalta mi, sjå øvst til høgre.

Jørn Berget og Reidar Ekner er busette på Bø. Same dag, torsdag den 16, vil Arvid Torgeir Lie og eg, og vi bur lenger unna enn dei to andre, lese dikt på Distriktshøgskolen i Bø. Dette byrjar ca kl 14. For dei som ikkje veit det, er det stutt køyreveg frå Bø til Gvarv.

Men i dag skal eg nøye meg med bygningsrådet i Kragerø. Det er eit råd som har mykje å gjere, skal eg seie deg, pga rekordbygginga overalt.



Ps 17. november: Diktarrangementet på Gvarv blir kommentert av Tele-marksavisas Gard L. Michalsen i dag under overskrifta «Forfriskende folkeleg lyrikk». Han konkluderer omtalen med følgjande avsnitt: «For 30-40 interesserte publikummere var Ekner altså sist ute på en fin kveld med lyrikk og litteratur på Gvarv.»

Biletteksten til fotoet som syner meg ståande i opplesingssituasjonen og Jørn Berget sitjande og lytte, lyder slik: «FOLKELIG. Jørn Berget om brokkoli, Helge Rykkja om bygningsrådspolitikk. Verken i innhold eller form slik vi kanskje tenker på lyrikk.» (Stitat slutt)