|
Tidsånda
Mandag 13. November 2006 |
|
|
Eg startar ein mini artikkelserie om tidsånda frå 1960-åra, ho som dreiv unna med vinden, om lag når det nye tiåret starta. Å trekkje opp årsaker til dette skiftet i kunsten og litteraturen er ikkje lett, men først og fremst ønskjer eg å få skildra kva som brått forsvann, korleis det såg ut.
Og eg ser det heile med dei brillene som eg bruker i dag, no når ein del av tankane og uttrykksformene frå 1960-åra kjem tilbake, ein etter ein og ei etter ei, slik eg har vori inne på gjennom eit par år no, dette finst fleire stader på denne nettstaden og i ein artikkel på tidsskriftet Kuiper.
Den første som blir utfordra av meg til å skrive, er Ottar Ormstad, den konkrete poeten med telefonkatalogdiktet frå i år. Og da ventar eg meg kanskje musikarar som John Coltrane, Roland Kirk, Yusef Lateef, Eric Dolphy og Ornette Coleman fletta inn i tidsånda... Da ventar eg meg kanskje eit par franske filmar fletta inn. Eigentleg er det Ottar Ormstad, med epost til meg for kort tid sidan, som har etterspurt ein slik serie om tidsånda. Og det skal han få.
Ps 17.november: Eg har fått stadfesta frå Ottar Ormstad at han vil levere ein artikkel. Elles er «tidsånda» to ting: Tidsånda er jo på den eine sida og HEILE TIDA berre kjøp og kjøp og løp og kjøp. På den andre sida er tidsånda også plassert i motstanden. Denne tidsånda i motstanden vil eg gjerne snakke om. Denne tidsånda skiftar stadig.
|
|
|
|
|
|