| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Okt 2006
Mono, 1. november
Mandag 30.
Dikt, molekyl
Torsdag 26.
Manglande lenke
Søndag 22.
Operahus og kabaret og dikt
Mandag 16.
Raattamaa sin remiks-lyrikk
Mandag 9.
Gunhild Asting sin film
Onsdag 4.
Søndag 22. Oktober 2006
Manglande lenke
For ei veke sidan vitja dei irske stjernene Padraig Carroll og Tim Ambler heimtraktene mine. Det var Alf Cranner og Tor Dønvik som hadde henta dei to songartistane og instrumentalistane, og med sprudlande irsk folkemusikk og kjende moderne viser blei det fort hæla i taket. Tor Dønvik hadde synt med nokre vitjingar på irske pubar at denne saman-blandinga er vanleg kost i irsk konsertsamanheng, og Alf Cranner hadde forklart at pubartistane der borte demonstrerer ein klår musikalsk samanheng mellom to slags musikkar. Den manglande lenka, kan eg føye til her. Og det er absolutt dette manglande som vi i heimtraktene nok har sakna for verkeleg å kunne prove det som vi liker.
Same dag, for ei veke sidan, kom det lange intervjuet i Morgenbladet, der Dag Solstad svarer på artikkelen til Jonas Gahr Støre og hevdar at han sjølv heilt sidan 1990-åra har hatt lyst til å skrive ein politisk roman igjen, men ikkje klart det før med Armand V. Og Solstad er verkeleg politisk klår i intervjuet, som breier seg over 6 avissider, slik at eg som før spurde meg sjølv kvifor Alf van der Hagen tok på seg redaktør-jobben i Morgenbladet, no har fått eit svar på spørsmålet mitt. Vel, vel. Det er å vente at når Dag Solstad først har klart det, altså å skrive ein klårt politisk roman, så vil høvesvis mange andre romanforfattarar også kunne klare det. Grunnen er at Dag Solstad nok er den manglande lenka, «The Missing Link».
Her er vinkelen Armand V og «fotnotane» .