|
Raattamaa sin remiks-lyrikk
Mandag 9. Oktober 2006 |
|
|
Finst det mykje sampling og remiksing i norsk lyrikk? Det finst nok ein del, men ikkje for mykje. Da rettskrivingsteforma av 1938 kom, skreiv André Bjerke og Carl Keilhau Den bakvendte boken som ein reaksjon på fornorskingstendensane i tida. Her er t.d deira Ibsen-versjon av ”Et vers”: Å leve er stri med trollet
i hjertet og hjernen sitt høl.
Å dikte, det er å holde
dommedag over seg sjøl. Denne diktversjonen var mykje meir del av ein språkdebatt enn den var del av ein litterær debatt. No har den pågåande svenske forfattaren Lars Mikael Raattamaa skrivi om, omdikta, det vi kan kalle ein nokså rådande svensk lyrikk-kanon. Ja... Kor mykje han har tenkt på striden i Danmark kring fastleggjinga av ein avgrensa obligatorisk litterær kanon der, det veit eg ikkje. Same kva lir poeten av ei ovstor lyst til å kommentere og tolke fritt svensk lyrikk; og det seier eg ikkje noko på. Frå før kjenner eg heldigvis Raattamaas store konkrete dikt Al-Jazeera! Og eg prøver å få tak i den heilt nye boka frå i år.
Les ei bokmelding av Åsa Beckman .
Ps:
Her er norske Marthe Mølstad sitt gode intervju (- og byvandring -) med Raattamaa, som er utdanna arkitekt . Intervjuet har stått i Bøygen. Og Norli bokhandel har skaffa meg boka til Raattamaa. Saka er biff. Slik startar Lars Mikael Raattamaa dikt nr 3, som tolkar dei finlandssvenske modernistane: Är icke som landet
älska skall alltid, och älskar du den är jag
:svar ett
kommer det och
himlar alla än
högre armar sina ut
strecker det och
visshet än annat
(...)
|
|
|
|
|
|