Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2006

Mono, 1. november
Mandag 30.

Dikt, molekyl
Torsdag 26.

Manglande lenke
Søndag 22.

Operahus og kabaret og dikt
Mandag 16.

Raattamaa sin remiks-lyrikk
Mandag 9.

Gunhild Asting sin film
Onsdag 4.

Onsdag 4. Oktober 2006

Gunhild Asting sin film

Film er ofte interessant også for ein poet eller forfattar. Regidebutanten Gunhild Asting har levert ”It’s hard to be a Rock’n Roller”, som har fått ei varm mottaking. Resutatet er blitt kalt dokumenter eller dokudrama. Personleg såg eg filmen mest som ein kunstnarfilm, og dette sjølv om det var amatørskodespellarar, her psykisk utviklingshemma med Volda-bandet Merkesteinane, som bar denne filmen. No skal det straks seiast at bandet er eit solid samspelt band med ei levetid hittil på 14 år og med ein heilt annan kunstnarleg-musikalsk fridom enn t.d Dissimils.

Den eine i hovudrollene, Tor Heine, var eit musikalsk funn og samtidig mest rocka av bandmedlemmane; filmen sette fokus på artistdraumane hans, og dermed oppsto ei for meg (og venteleg for dei mange) sterk og fengslande spenning. I tillegg kom det føre meg at Tor Heine hadde så stor portrettlikskap med omgangsvennen min på Blindern hausten 1966/ våren 67, seinare «romansjefen» Dag Solstad, både ein portrettlikskap og ein nokså lik måte å røre seg på. Eg kan ikkje la vere å seie det.

På internett fann eg denne fråsegna frå regidebutanten Gunhild Asting:
Mitt ønske har først og fremst vært å lage en film som skildrer Merkesteinane som unike mennesker, og ikke som en gruppe psykisk utviklingshemmede.
Nettopp. Eg tykte at filmen, på grunn av intrigen, godt kunne vori ca 20 minutt lenger, det er den einaste kritikken min av opplegget. Og med eit rettferdig Noreg ville regissøren hatt høve til å gjere filmen noko lenger, trur eg. Margreth Olin og Thomas Robsahm på Speranzafilm har hatt ei hand med på filmen & finansieringa og m.a hjelpt til med klippinga. Gi heder også til dei.

Dag Solstad har kommi med ein ny roman i haust. Det kan eg vel seie med det same. Eg kjem som vanleg til å lese han.


Her er eit intervju med Gunhild Asting i Ringerikes Blad .