Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Sep 2006

Kameratsleg på P2
Onsdag 27.

Grand Manila
Søndag 24.

Alder og draum
Fredag 22.

Bygningsetaten
Fredag 15.

Husholdningregnskap, Gras m.m
Fredag 8.

Fãgerquist hit med Vysotskij
Torsdag 7.

Arne Heli: Sjølvbiografi
Søndag 3.

Onsdag 27. September 2006

Kameratsleg på P2

Her snakkar vi om dikt i programmet Radio-Selskapet, neste dag, 28/9. Eg skal i elden med diktsamlinga mi. Undertittelen på denne er «og 52 kameratslege oppmodingar». Programmet byrjar 16.10. Overtittelen på boka er: bjørka til Dahl... Om innslaga mine så kjem tidleg eller seint i radioprogrammet, det vil vise seg. Sending for meg blir 29/9.

Fredag el. lørdag kjem intervju med meg i Klassekampen. Intervju kjem lørdag i Kragerø Blad Vestmar. Det same i Varden, lørdag el. måndag. (Andre intervju, t.d med Dag og Tid og med Kragerøavisa, kjem etter kvart.)

Måndag er utgjevingsdatoen for boka. Tirsdag er det presentasjon på eit arrangement i Kragerø. Intervju med tilhøyrarar, opplesing, musikk etc.

Den kameratslege oppmodinga (jfr. undertittelen) følgjer kvart enkelt dikt. Så også det er sagt. Døme på slike oppmodingar er: Gå trappene! Sveis skoleborn! Ikkje kims av Berg!



Ps 30/9: Her er så Karin Haugen sitt intervju i Klassekampen i dag .

Og her kan du lytte på Radio-Selskapet i går, 29/9, innslaget med poeten kjem midt ute i programmet.