|
Grand Manila
Søndag 24. September 2006 |
|
|
ligg på nattbordet mitt, Kjartan Fløgstads roman for året. Arbeidar-kollektivet har han skildra, spesielt «særlingen» finske «Dørmænen», dette er noko som berre forsterkar kjensla mi av kollektiv. No har eg kommi på side 84.
Dette var sjeldne saker. Eg er ingen ekspert på Fløgstad, men gler meg til å lese vidare, og eg nesten gler meg til å leggje meg mot kvelden; ikkje minst pga temakombinasjonen den raude/kvite finske borgarkrigen OG den internasjonalt kjende finlandssvenske modernismen sin harde støtte til dei kvite i borgarkrigen.
Ps 5. okt.: Og den romanen skuffar ikkje, no er eg ferdig. Mellom fleire ting er romanen eit «portrett» - dersom eg kan seie det slik - av det multinasjonale amerikanske selskapet i Sauda (som før heitte): Electric Furnace Products, eller «Smelteverket i Sauda». Noko av det aller mest fascinerande er korleis alle romanpersonane blir følgde opp i dette spelet, somme av dei i ei bratt - og ei geografisk - klassereise oppover og oppover gjennom selskapssystemet.
Dette er noko av det mest treffsikre av personskildringar - og varme i personskildringar - som eg har vori borti... Og eg ville ta mykje feil om denne romanen ikkje blei forsøkt omgjort til filmmanus og spela inn som film.
|
|
|
|
|
|