| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Sep 2006
Kameratsleg på P2
Onsdag 27.
Grand Manila
Søndag 24.
Alder og draum
Fredag 22.
Bygningsetaten
Fredag 15.
Husholdningregnskap, Gras m.m
Fredag 8.
Fãgerquist hit med Vysotskij
Torsdag 7.
Arne Heli: Sjølvbiografi
Søndag 3.
Fredag 22. September 2006
Alder og draum
Poet Odveig Klyve er allsidig og produktiv. Det er eit langt sprang frå den palestinske feminismen i Klyves omsetjing av Forugh Farrokhzad i fjor og til Odveig Klyves eiga skildring av ei gammal mors reise inn i drøymeland, med kjenslene til både mor og dotter, i diktboka Det andre blikket. Dette lange spranget gjeld også måten å skrive på. Eg vel eit dikt ca ein tredjedel inn i den ferske boka:
Ps 11/1-07: Det står meldingar av boka på Odveig Klyves webside .
Eg trykkjer på heisknappenDette diktet - og mange andre utsnitt i boka - er presist og godt skrivi om noko vanskeleg som mange har røynd. Avslutninga «restar av egg på haka» har å gjere bl.a med at rollene mor/ dotter er blitt bytta om på alle måtar.
Dørene glir opp til
den innestengde lufta av nykokt kaffi
og urin
Du sit i ein stol med gummihjul
og ansiktet ditt lyser når du
ser meg
Er det deg
seier du
Og eg ser at du leitar
etter namnet mitt
at du kjenner meg
men namnet er borte
Du lyser i glede
der du sit
med restar av egg på haka
Du sleppteBoka skildrar ei stor rokkering av kjærleiksroller. Dette er sjølvsagt eit vanskeleg omskifte, som Klyve utfører direkte og utan for mykje unød-vendig eller formildande pynt. Odveig Klyve er også barnebokforfattar og filmskapar.
og heldt meg fast
Du tok farvel
og tok meg til fange
Du viste meg vegen ut
og lokka meg attende
Ein fødsel
som aldri tok slutt
Ps 11/1-07: Det står meldingar av boka på Odveig Klyves webside .