| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Sep 2006
Kameratsleg på P2
Onsdag 27.
Grand Manila
Søndag 24.
Alder og draum
Fredag 22.
Bygningsetaten
Fredag 15.
Husholdningregnskap, Gras m.m
Fredag 8.
Fãgerquist hit med Vysotskij
Torsdag 7.
Arne Heli: Sjølvbiografi
Søndag 3.
Fredag 15. September 2006
Bygningsetaten
Stort samantreff: No kjem så boka mi, som tar utgangspunkt i plan- og bygningslova, frå trykkeriet. Eg har alt avtalt med avisredaksjonar at eg skal intervjuast om denne diktsamlinga og om eit førtiårsjubileum som poet.
Det er altså spennande for forfattaren desse dagane. No blir lanseringa og mottakinga av bjørka til Dahl viktig for meg.
Det fine for meg er sendingane på Nrks fjernsynsserie Etaten torsdag kveld. Kanskje litt seint for somme med sendetidspunkt 22.30, men det var vel verdt å vente på den første episoden (åtte episodar).
Første episode gjekk med til å prestentere personane og intrigen, som minte om ein god og gammal opera i karakterteikning. Kva som bur i hovudpersonen, er eit spennande element i stykket. Det aktuelle temaet hittil, bortsett frå mytene om bygningsetaten , er kanskje eit bra innspel til diskusjonen om sjukefråver i arbeidslivet. Eg seier berre lykke til og takk for første episode, intelligent humor var det så langt. Dette stykket er ei ny side ved Atle Antonsen.
Støtt har eg likt kabaretartistane, og i våre dagar alltid likt dei flunkande nye «humoristane». (Legg du merke til kabaret-rima i den setninga? dei neste rima er kontoristane etc.)
Ps fredag 29/9. Episode nr 2 og 3 av Etaten har gått i retning av teater, om enn i nødvendig episodisk form. I går blei eg innkalt til programmet Radio-Selskapet i p2 for å lese dikt som ein kommentar til Antonsen-teateret.
Og slik låt det med samtalen og diktet mitt, omtrent midt i «under-haldningsprogrammet» Radio-Selskapet den 29/9 .