| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Sep 2006
Kameratsleg på P2
Onsdag 27.
Grand Manila
Søndag 24.
Alder og draum
Fredag 22.
Bygningsetaten
Fredag 15.
Husholdningregnskap, Gras m.m
Fredag 8.
Fãgerquist hit med Vysotskij
Torsdag 7.
Arne Heli: Sjølvbiografi
Søndag 3.
Fredag 8. September 2006
Husholdningregnskap, Gras m.m
Er du interessert i mørke stjerner? Er du interessert i saks, ovn frå Ulefoss, trapp? Er du interessert i gras og mais-triptykon? Er du interessert i lykkekjensle, frelse eller sjel? Kanskje.
Kva har desse orda i kursiv: Anrop fra en mørk stjerne og Helt vanlige mirakler og Gras og Husholdningsregnskap - MED KVARANDRE Å GJERE? Jo, det er titlar på somme av dei nye diktsamlingane som er komne ut.
Desse fire nye diktsamlingane har noko til felles, har eg forstått og sett, ved å lese i dei. Kva dette felles er, kan du kanskje tenkje på eit par dagar? Også eg vil da komme med eit artig svar på spørsmålet, - men vent.
Svar 12.september: Dei fire diktsamlingane har alle fått sterk tematisk konsentrasjon, eller dei er motivisk samla. Åsmund Bjørnstads Gras tar utgangspunkt i vekster og natur, med vekt på nyttevekster. Berre dette er fascinerande opplysning. Gerhard Stolz si kunstbok Husholdnings-regnskap med undertittelen «Nærbilder» held seg innandørs, slik som i denne medfølgjande teksten:
Mona Høvrings Helt vanlige mirakler er konsentrert på to måtar, både omkring eit «rått» språk og omkring kvinneliv/ kvinnedraumar. Denne boka har vori ute ei stund. Stein Mehrens Anrop fra en mørk stjerne er vitskapsfilosofisk og astronomisk og samtidig meir direkte og konkret enn mykje annan norsk lyrikk.
Dette som eg har fanga opp tidleg på hausten, trur eg ikkje er noko tilfeldig, men heller ein tendens i heile kunstlivet. Ved Statens Haustutstilling som blei opna sist laurdag, var dei ulike romma bl.a ordna tematisk. Og på den måten kom mange kunstverk til sin rett, ikkje minst dei mange politisk aktuelle verka. Dette har publikum sett pris på, tilliks med meg. Og eg la merke til, tidleg søndag, alle ungane på den store utstillinga, som i slik samanheng rommar heile 64 førstegongs-utstillarar!
Sjølv er eg ein del av den nye tydelege tendensen, i og med at plan- og bygningslova er tatt breitt inn i diktsamlinga mi, som kjem mot slutten av månaden. Men den mest utprega boka i denne tendensen kom i vår med Ottar Ormstads telefonkatalogdiktet , der alle sidene er bygde opp motivisk utav grupperingar av etternamn, absolutt på ein sterkt visuell måte, men likevel slik at alt kan lesast tematisk som ei skildring av Oslo i dag (eller av livet vi lever).

Vasken kjeder seg aldri. Det er forståelig,Fotografiet av vasken, som kjem før teksten, er sensuelt; så er det sagt.
vannet har alltid en historie å fortelle.
Og mengder av godt humør.
Jeg såper inn hendene. Hvis vi
hjelper hverandre, så skal dette gå bra.
Jeg skyller skum av hendene