| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Aug 2006
Om Etaten i Tv og dikt
Fredag 25.
Retro og riddarskap
Mandag 21.
Ratatosk
Mandag 14.
Kulturopprop og storpolitikk
Torsdag 10.
Nicolás Guillén på Cuba
Onsdag 2.
Pioner for feminisme i poesien
Onsdag 2.
Fredag 25. August 2006
Om Etaten i Tv og dikt
Diverse media fortel om ny moro på Tvskjermen i haust. Eg merka meg spesielt serien «Etaten», med hovudmennene Atle Antonsen og Ole Endresen bak, fordi denne satsinga dreier seg om menneske i plan- og bygningsetaten. Og dette vil da seie ein «arbeidsplasskomedie», med eit kanskje liknande byggetema som den ventande diktboka mi tar opp!
Tilfellet er ikkje samkøyrd, men heller ikkje heilt tilfeldig - . Likevel er ei parallellføring med massemedia slett ikkje pinleg for meg. For dikt er det tilfredsstillande å vere like tidleg ute som humor- og teaterbransjen. Lyrikken min kjem ut 2.oktober. «Etaten» på Nrk blir på åtte episodar à tretti minutt. Men media snakkar upresist både om torsdag og laurdag.
Eg kan gje dykk ein smakebit frå diktsamlinga mi, dette er ein smakebit som bygger på utkast alt frå 1980-åra av:
I boka har eg festa parolar til dei enkelte dikta. Og parolen - den søte kameratslege oppmodinga - til dette nett siterte diktet er: Bruk toget!
Atle Antonsen, som sjølv speler ein misplassert tilsett, seier at dei/Nrk har valt nettopp bygningsetaten som scene pga alle mytene om denne etaten. Det kan så vere. Bygningsetaten er også kjend for å vere den kommunale etaten som det skjer mest i, med alle dei rapsete grunkane som milliardsirkulerer rundt i investeringspottane; for ein berre middels stor kommune som min, nemleg Kragerø kommune, er det no snakk om fleire milliardar kroner til kvar tid.
Ps 15/9: Og i går starta sendinga på Etaten. Intelligent humor så langt.

Dispensere
Ein mann jogga gjennom heile det eldre lange togsettet
mellom stolane
i og mot fartsretninga
medan han snakka i mobilen
med investor
mellom Drammen og Bø
Vil vi få betre sjøutsikt?
Med ei meldeplikt til meg kan det gå i boks