Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2006

Om Etaten i Tv og dikt
Fredag 25.

Retro og riddarskap
Mandag 21.

Ratatosk
Mandag 14.

Kulturopprop og storpolitikk
Torsdag 10.

Nicolás Guillén på Cuba
Onsdag 2.

Pioner for feminisme i poesien
Onsdag 2.

Mandag 21. August 2006

Retro og riddarskap

Enkelte saker prøver eg å halde oppdaterte på diktsidene. Debatten om snobberi i lyrikken og tilbakevending til rimdikt held fram. Dei (kanskje) konserverande kreftene har namnet ”retro”. Aktørar på denne fronten er m.a Eirik Lodén og Ronny Spaans. For Dag og tid 12/8 har poet og dikt-instruktør Helge Torvund vitja dei to med heile 15 diktstrofer, som han har kalt SS RETRO - og med ei svær seglskute som illustrasjon. Eg tar ut og låner somme av strofene, hit:


Det namn som står skrive, høgt over hav,
er ”SS RETRO”, med snirkelbokstav.
Ved rattet, i brisen, så høgreist og pen,
står sjølve kapteinen, Eirik Lodén.
- -

Og figuren i baugen han ser denne veg.
Det er Ronny Spaans! Han ser rett på meg.
Dei skyt med kanonar, set ein riddar i land.
Snart er eg bunden på versfot og hand.

”Jamen, eg likar jo både Basho og Bull!”
Eg roper fortvila. Men dei roper ”Tull!”
Eit trelinjers dikt kan ingenting sei’.
Kortdikt går planken frå denne galei!
- -

I det neste nummeret (19/8) av Dag og Tid svarer så Ronny Spaans med 15 tilsvarande strofer: SS RETRO II. Også tre av desse kjem hit i spalta, inkludert er sluttstrofa frå Spaans, som er poet og elles doktorstipendiat i nederlandsk ved Universitet i Oslo. Ronny Spaans fortel:


På land ser eg éin som fer sjeldan med slurv,
i kritikarlag er han slett ingen spurv,
ein høgakta meldar av diktkammer-stand.
Kan hende lèt han oss få koma i land?
- - -

Den godtrune Torvund held strid for klisjé
og trur det gjeld han, men det gjer ikkje dét.
Vi likar jo begge Tor Jonsson og Jens,
men klaga hos andre er rett så intens.
- - -

Vi går nok ein dag på ei grunne av sand,
blir sitjande båtlaus’ med hovud i hand,
så sauer og gråmåsar flirer med knegg
imedan vi skaffar oss torvundske skjegg.

Som domar må eg notere at Helge Torvund har vald kampen, han har vald handvapen, tid og stad. Torvund har Basho som væpnar. Men både Helge Torvund og Ronny Spaans er riddarar på valplassen, dvs Dag og Tid.

Til Torvund vil domar spørje: Kvifor bruker du så veike versbindingar (enjambement)? Du må kunne bruke versbinding for å vinne denne idé-kampen... Forresten så hadde visesongaren og sosialisten Inger Lovise Widnes i Dag og Tid eit nytt innlegg 12/8, med Prøysen som væpnar. Det er verdt å følgje med.

Her er ei melding i tidsskriftet Jung av «retrogardistiske» dikt . Og meldinga fekk ein svarartikkel av Ronny Spaans .

«Den retrogardistiska tidsskriften Aorta återuppstår.»



Ps 22/8-06: Torvunds dikt SS RETRO kunne du lese i sin heilskap på «diktkammeret», Dagbladet, med somme opplysningar .

Eg ser no endeleg at eg hadde unngått å sjå ein viktig og god artikkel skrivi av Ronny Spaans i Dag og Tid 5/8, altså veka før Helge Torvund kom med SS Retro-strofene.