| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Aug 2006
Om Etaten i Tv og dikt
Fredag 25.
Retro og riddarskap
Mandag 21.
Ratatosk
Mandag 14.
Kulturopprop og storpolitikk
Torsdag 10.
Nicolás Guillén på Cuba
Onsdag 2.
Pioner for feminisme i poesien
Onsdag 2.
Mandag 14. August 2006
Ratatosk
I Trondheim blir det unglitterære tidsskriftet Ratatosk gitt ut.
Tidsskriftet starta opp i 2004. Det ser ut for meg som om at ein hovud-del av litteraturmiljøet i Trondheim, eit stort litteræraturmiljø som ikkje er underordna noko, er sentrert rundt nettopp Ratatosk sine utgjevingar og rundt litteraturfestivalen ÆÅ.
Ratatosk blir gitt ut både på papirmåten og på internett . Og på den siste staden finn du opplysning om sal og tinging.
Det nyaste nummeret hittil av papirtidsskriftet Ratatosk er 1-2 2006. David Aasen, som for eit år sidan begynte hos Samlaget i Oslo, har slutta i redaksjonen. Og rykka opp som ansvarleg redaktør har Guri Sørumgård Botheim gjort, medan Dag Jørgen Hansen held fram som redaktør og Arild Vange er kommi inn som ny redaktør. (Tidsskriftet har også eit solid redaksjonsråd å basere seg på.)
Innhaldet i nr 1-2 er rikhaldig. Eit av dei lengre bidraga er Sissel Furuseths ti sider med kommentar til Geir Gulliksens vennlege apparisjon og vinnardikt i fjor - utropt av ein jury på tre frå NRK P2. Eg skreiv om Gulliksens bok i fjor, se på meg nå, her på nettstaden .
Eit anna gratis tips: Trykk deg inn på Ratatosk over - , og vidare på «skjønnlitteratur» (i margen til venstre), der finn du Guri Sørumsgård Botheims dikt um S på Lesjamål. Eg seier ikkje meir.
Temaet for 1-2 er uferdig littertur. Medan temaet for den omfangsrike Lillehammerfestivalen var noko vagt og festleg, nemleg «iscenesetjing» i litteraturen, må eg seie at at temaet for Ratatosk 1-2 er meir definert og konkret. Kan sterkt tilrådast.