| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Aug 2006
Om Etaten i Tv og dikt
Fredag 25.
Retro og riddarskap
Mandag 21.
Ratatosk
Mandag 14.
Kulturopprop og storpolitikk
Torsdag 10.
Nicolás Guillén på Cuba
Onsdag 2.
Pioner for feminisme i poesien
Onsdag 2.
Torsdag 10. August 2006
Kulturopprop og storpolitikk
For ein gongs skuld har ein artikkel skrivi av ein norsk forfattar fått sentrale leiarar i verda til å kommentere. Det skjedde med Jostein Gaarders kronikk i Aftenposten, der han utnytta sine kunnskapar i religionshistorie og sine kunnskapar i religiøs stil, noko han fekk streng melding om ikkje å gjere. Israels og USAs Libanon-politikk har for tida, ikkje minst dagen i dag, gjort mange amerikanske og britiske flyplassar utrygge; og uroa forplantar seg vidare rundt.
Forfattarar har også engasjert seg mot den norske regjeringa si handsaming av afghanske flyktningar. Blant dei underskrivne poesi-arbeidarane er: Marte Huke, Paal Bjelke Andersen, Fanny Holmin, Maryam Azimi og Erling Indreiede. Grunnen til at norske styresmakter vil trasse FNs åtvaring om å sende afghanske flyktningar tilbake, også til det sentrale Kabul-området, trur eg er at USA omgår FN-åtvaringar. (Når følgde eller støtta USA FN sist? Og når går Jonas Støre tvert imot USAs politikk?)