Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2019  2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2019

Den nye lyse tida
Fredag 28.

Kvalitetar
Lørdag 22.

Abassifamilien
Torsdag 20.

Saktetv
Søndag 16.

Det forsvunne Munch-litografiet
Søndag 16.

Halvdan Sivertsen igjen
Fredag 7.

Pride i Bergen og elles
Søndag 2.

Danmark er kanskje ikkje noko land
Lørdag 1.

Lørdag 22. Juni 2019

Kvalitetar

Naturleg nok: Den norske Forfattarforeining har forsøkt seg på retningsliner for vurdering av litteratur. Kvifor ikkje formalisere og diskutere? Inne på «Det litterære råd» (på nettet) finn du ti punkt. Eg festar meg først ved tre av dei: 1) kognitiv verdi (framandord, men eg veit at eg skjønar). 2) orginalitet. 3) risiko. Vel. Mange av dei ti punkta er sanneleg i slekt med kvarandre, til dømes desse: a) Nødvendighet. b) Aktualitet. c) Blikket.

Det slo meg at DnF sine formuleringar for god litteratur passa bra på ein som eg nettopp hadde skrivi om akkurat her: den framifrå artisten Halfdan Sivertsen.


Kvifor ikkje: gå inn og les DnF sitt notat om kvalitetsvurderinga - ? Trykk på lenka. (Du kjem til Det litterære Råd). Gå nedover på den sida...




Ps 23/6-2019: Slår eg opp i Nynorskordboka mi (ei definisjons- og rettskrivingsordbok) på ordet KOGNITIV: så står ordet forklart med kunnskap som har med sanse, oppfatte og forstå å gjere. Så det så.