|
Nicolás Guillén på Cuba
Onsdag 2. August 2006 |
|
|
Det er blitt fortald at den gode helsa til Fidel Castro har ergra George W. Bush. Men no i dag blei det meldt at snart 80 år gamle (han fyller 80 13.august) president Fidel Castro er mageoperert, og det blei meldt at broren Ráol har tatt over styringa, iallfall for ein periode framover. Dette er eit soleklårt ”Nytt” på diktsidene fordi eg i vår meldte meg på ein Cubatur som går av stabelen seint i november. Og eg har i sinne å rapportere frå denne Cubaturen.
Om eg får møte min favorittpianist, åttiårige cubanske Rubén González, i ein son eller danzón, dette veit eg ikkje. Men eg skal prøve å få det til. Derimot får eg ikkje møtt Nicolás Guillén, diktaren, for han døydde i 1989, heile 87 år gammal. Han er kjend som poet over Latin-Amerika og har inspirert mykje av den karibiske musikken, m.a Jamaicas reggae og Cubas son.
Dette siste har eg frå Orkana forlag, som har gitt ut Guillén sitt verk El Gran Zoo (Den store dyrehagen) frå 1967, og det skjedde så seint som i fjor at det nordnorske forlaget vårt klarte den biffen. Omsetjarar er elles Siri Olsen og Fartein Horgar.
Hugs at diktet her kom ut i 1967: Kunngjøring
Den store dyrehagen
i Havana
Forhistorisk museum åpent for publikum hver
dag unntatt søndag
Språk: spansk, engelsk, russisk
Det meldes om nye
innkomne arter, nemlig:
det store duefossilet fra juratiden;
bemerk det fortsatt synlige festet for
rakettutskytningsramper,
en samling atom-økser,
rituelle masker av typen anti-atmosfæriske,
og klubber av radioaktivt silisium,
til slutt, et fly
(det lenge ettersøkte jagerflyet fra pliocen-epoken)
en enestående gjenstand
Havana 5. juni
Direktøren
Her er Mari Nymoens omtale av Guilléns El Gran Zoo i Adresseavisen .
I sin analyse har da Frank Stubb Micaelsen ein poesihistorisk inngang .
Diktet ovafor er 1960-tals i si tredelte konkrete tilnærming: 1) Plakat-språket. 2) Det kosmopolitiske Karibia. 3) Samtidshendingar.
Diametralt motsett estetisk er nok denne Hollywoodinspirerte og kosete «balladen» av Electo Rosell, om «murmullo», om «amor» (=kviskring og kjærleik), ein tekst som er konkret på lydar (m.a med bokstavrim): Hay un suave murmullo
En el silencio de una noche azúl
Son dos enamorados
Que, encantados, gozan del amor.
Y ríe la vida y qué dice asi: Ahh, ahh...
Y ríe la luna y qué dice asi: Uhmm, uhmm...
Ps: Ein heilt annan ting er at eg no har avtalt med eit søskenborn som bur i Tromsø, at eg skal vitje henne og mannen der. Så det så. Karibia og Nord-Noreg. Men det blir vel først Cuba - . Og eg må snakke først med Cuba-litteratane Tove Bakke og Ragnar Hovland.
Ps 11/8-06: Torgrim Eggen kjem med ein roman til hausten der handlinga er lagt til Cuba, fortel Aftenposten i dag. hermanas heiter romanen, fann eg på internett. Eg tippar at denne romanen vil vere politisk. Og Torgrim Eggen har eit utspel/ kronikk i dag, om Cubas historie under Castro, som kan tyde på det.
Ps 13/8-06: På Fidel Castros feira åttiårsdag i dag studerer eg Lonely Planets Cuba-guide: Mulatto-poeten Nicolás Guillén spela ei leiande rolle i den afro-cubanske rørsla på 1930-talet. Han dekte den spanske borgarkrigen som journalist og blei sjølv kommunist da. (Batista-åra på Cuba var han i eksil.) Alt i følgje Lonely Planet.
|
|
|
|
|
|