Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2006

Om Etaten i Tv og dikt
Fredag 25.

Retro og riddarskap
Mandag 21.

Ratatosk
Mandag 14.

Kulturopprop og storpolitikk
Torsdag 10.

Nicolás Guillén på Cuba
Onsdag 2.

Pioner for feminisme i poesien
Onsdag 2.

Onsdag 2. August 2006

Pioner for feminisme i poesien

I går skulle eg til å sjå det avsluttande TV-programmet i serien om Alf Prøysen, men så var dette flytta til 15.august . I staden sende Nrk ein paneldiskusjon mellom Jagland og Pettersen, Støre og Rød-Larsen, med berre mild, byråkratisk ”kritikk” av USA i samband med Israels åtak på Libanon.

Dei fire mennene pluss programleiaren var rolege, men verka lite budde og gjentok setningar som vestlege media har brukt eller som USAs nærmaste arabiske regimer (Egypt, Jordan, Saudi-Arabia) har brukt...

Alf Prøysen var vel ingen soldat, Nei. Eg ventar stadig på den litterære plasseringa av Prøysen. Kanskje det kjem i det fjerde og avsluttande programmet om han. Vi får derfor sjå kva vi får den 15. august. Hittil i serien har det først og fremst vori konstateringar av at Alf Prøysen ikkje var som alle andre.

Programserien skal visst ringje inn ”kunstnarrolla” eller ”outsider’en” og terpe opp att på dette. Og kvinnene i Prøysen-slekta var spesielle og sterke, Alf Prøysen hadde tidleg stor tillit til dei. Men blir dette særleg meir enn mild sosialporno, sosialporno som er rikeleg plassert i masse-media frå før?

Det er så altfor mykje som er sjølvsagt, tykkjer eg. Eg tenkjer på familiar og folk. I fleng nemner eg raringar, nerdar, eller gutar som held seg til mora, eller gutar som teiknar eller går og syng, eller gutar som leikar med jenter. Alt dette er jo fullstendig vanleg og normalt og har sikkert vori det heilt frå før istida av. Og for mannlege eller kvinnelege kunstnarar er det jo nærmast regelen at dei stikk seg godt ut frå det heilage gjennom-snittet.

I nesten kvar familie i Noregs land er det medlemmar med alkohol-problem, i nesten kvar familie i Noregs land er det medlemmar med nerveproblem. Veit programleiarane dette? Dei skal sjølvsagt også skildre livet hans i programserien, men dei treng ikkje ta enkelte trekk ut av alle proporsjonar, med svart-kvitt-dyster stemning på kjøpet.

Kva er så det spesielle ved Alf Prøysen? Den verkeleg store skilnden på han og andre er det som han skreiv. Han er den første og nærmast den einaste poeten i Noreg, som - via radioen og grammofonen - spelar ei hovudrolle i massemedia, ei hovudrolle vel og merke når det er freds-tid i landet. (Etter kvart måtte han konkurrere sterkt med amerikansk og engelsk pop og rock.) Mykje å seie for framgangen hans har dette at Alf Prøysen er den gjennomførte pioneren for feminisme i norsk poesi. Takk og pris.

Verker, diskografi, sjølvbiografi, bøker etc. om Alf Prøysen.


Ps 15/8-06: I dag kom så det fjerde TVprogrammet i serien. Det var like kaleidoskopisk springande journalistisk som dei andre programma i serien og bygde i stor grad på utsegner frå folk som Else Prøysen, Erik Bye, Anne-Kath Vestly, Alf Crannar, Carl Anton osv osv. Men dette avsluttande programmet gav likevel eit definitivt bilete av ein kunstnar med utruleg stor og allsidig produksjon gjennom lang tid, mynta på svært ulike media, og Prøysen var ein kunstnar som jobba svært hardt med tekstane sine.

Ole Paus formulerte at Prøysen var aldri den enkle landsens guten - . «Griskokken» var nok det mest perfekte alibiet for han... Kim Friele for sin del sa dette: Det var ingen Jammerdal hos han. Jan Erik Vold fann ikkje betre ord, sa han, enn slik: Det han skreiv, «gjer oss lykkelege».

Serien er send også i romjula 2004 og er produsert av eit Hedmark-selskap med kontaktar til Prøysen-huset.

Jan Erik Vold har utført ei fyldig tolkning - framført i radio - av visa «Så seile vi på Mjøsa», som dødsdikt. Tolkninga er også kommi ut i bok-form. Her på nettstaden har eg plassert Prøysens refrengviser i 1960-åra som ein del av samtidige såkalte systemdikt .