|
68 lyrikksamlingar 2006
Mandag 24. Juli 2006 |
|
|
Kor mange lyrikksamlingar som blir gjevne ut i år, veit eg ikkje, men 68 samlingar har forlaga meldt på til innkjøpsordninga, biblioteka. Eg veit namna og boktitlane, fordi dette ligg ute på nettet, interessant lesnad, med kjende og ukjende diktarnamn og nakne titlar. Men eg trur ikkje at ein kan vite noko om kvaliteten på desse bøkene i haust berre ved å sjå på forfattarlista og boktitlane.
For fleire av boktitlane sin del står det berre «dikt» i lista, dikt med liten d, og det kan tyde på at den endelege tittelen ikkje var klår ved signalet til kulturrådet, som sikkert får send seg enkelte manus- eller korrektur-kopiar. (Derimot på vår velkjende Øyvind Berg står det: Dikt - med stor D.)
Somme av bøkene som kom alt i vår, har eg vori innom på nettstaden, det gjeld Ottar Ormstad med Telefonkatalogdiktet , og det gjeld også Hildegunn Dale, Sea, say and see.
Yngve Pedersen, som kjem med dikt i haust, deltok (og blei omtalt av meg) rundt Audiatur-festivalen i fjor ... Der var også Monica Aasprong sterkt til stades (noko eg rapporterte). Og Aasprong las og forklarte frå Soldatmarkedet, som ho no kjem med, på Damm.
heikki heikki held fram med utgjevingar på Splendid forlag , no med si eige diktbok: eit spørsmål om flaks... Nils-Øyvind Haagensen kjem med Coney Island, Baby, noko som høyrest ut som Beat. Haagensens bok i 2005 vurderte eg i artikkelen om Mor Godhjertas etterfølgjarar .
Andre som forfattarsidene har vori innom, er Gunnar Wærness («dikt»), Erling Indreeide (Langrenn), Arnt Birkedal (Gliper) og Stein Mehren (Anrop fra en mørk stjerne).
For meg kjende kvinnestemmer er Hanne Bramnes (Salt i øyet), Odveig Klyve (Det andre blikket) og Mona Høvring (Helt vanlige mirakler), den siste er alt kommi i Bokklubben. Det ser ut for meg som om berre ein sjudel av lyrikkutgjevingane i 2006 har kvinnelege forfattarar. Dette er ei halvering av kvinnedelen ifrå siste års lyrikk og verkar dramatisk på meg. Er det full forvirring i forlaga?
Kjelde:
Kulturrådet si liste, inkludert all påmeld lyrikk, prosa og dramtikk 2006 .
*
Ps: Her har eg omtalt Odveig Klyves Det andre blikket .
Les like så gjerne Wenche Larsens apologi frå 2003 for poesi-blokka: Avantgardens gutter.
|
|
|
|
|
|