Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2019  2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2019

Slike ting ein hugsar
Søndag 27.

Margaret Skjelbred
Lørdag 26.

Det som forma landskapet
Mandag 21.

...dypere verdner enn denne
Torsdag 17.

Færøyene (oss) i dikt
Tirsdag 15.

Hans Børli på konsert
Fredag 11.

Spredte døtre
Torsdag 10.

Framsyning basert på Hofmo
Søndag 6.

Bil og mobil
Torsdag 3.

Mandag 21. Januar 2019

Det som forma landskapet

Tryslingen Sigmund Løvåsen har komme med ny bok. Ho er interessant ja. Med øksene dei haustar inn. Dikt nr to i boka er slik:



Det som forma landskapet

Hender forma landskapet
Flint, jern og kopar forma landskapet
Storbøndenes rikdom og husmennenes fattigdom forma landskapet
Landbruksoppgjeret forma landskapet
Hestane og dynamitten forma landsskapet
Føter og hofter og bryst og ryggsøyler forma landsskapet
Blodet og frøa og kjønnsveskene forma landskapet
Plogen og harva og grevet og riva og øksa og rokken og geitene og
krigen og svolten forma landskapet
Kjærleiken og vaksinane og fødslane og fridomen og
samleia forma landskapet
Komiteane og reformene og juristane og latteren og landbrukskontoret
forma landskapet
Søppelet og frosten forma landskapet
Kjaken og tennene forma landskapet
Håret
Sprøytemidla
Auga
Siloane
Hjartekammeret
Saueklauven
Neglene og orda forma landskapet



Kommentar: Noko sterkt opplevd og forstått - har laga drivet i dette diktet. Boka til Sigmund Løvåsen ventar på deg.