Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2019  2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Feb  Jan 

Nytt Jan 2019

Slike ting ein hugsar
Søndag 27.

Margaret Skjelbred
Lørdag 26.

Det som forma landskapet
Mandag 21.

...dypere verdner enn denne
Torsdag 17.

Færøyene (oss) i dikt
Tirsdag 15.

Hans Børli på konsert
Fredag 11.

Spredte døtre
Torsdag 10.

Framsyning basert på Hofmo
Søndag 6.

Bil og mobil
Torsdag 3.

Tirsdag 15. Januar 2019

Færøyene (oss) i dikt

I 2017 kom Jòanes Nielsen ut med boka Gudahøvd. Det er færøysk og tyder «Gudehovud». Lars Moa sette om boka til norsk i 2018. Ho blei nominert til Nordisk råds litteraturpris same år. Slik lyder diktet «Venterom» i gjendiktinga til Lars Moa (side 13):


Venterom

Han ventar på ei lever
har drukke si eiga til vrak.
Ved tilværets ytste grense
drøymer han om at nokon med hans DNA-profil
blir overkøyrd
eller kvelt av eit fiskebein i halsen.



Jòanes Nielsen er elles fiskar og bygningsareidar på Færøyene - i tillegg til å vere allsidig forfattar. Han blei nominert frå Færøyene til Nordisk råds litteraturpris både i 1988, 1994, 1999, 2004, 2012 og 2018 (Wikipedia). Eg siterer like gjerne eit kort dikt til frå den siste boka, side 61:

Brua

Kva er ei bygd?
To hus
eitt på kvar side av elvebreidda
og brua tvers over.
Resten er utvikling.
Men det er i brua at håpet bur.



Gjendiktinga frå Lars Moa er ledig og konkret. Og det er grunn til å tru at han har gjort ein god jobb for Jòanes Nielsen sine dikt. (Men eg har ikkje fått jamført teksten med nokon av dei originale dikta.)




*
Vel. Her er eit ferskt intervju med Jòanes Nielsen i Dagsavisen (med foto frå Thorshavns tronge gater).




Ps 10. februar 2019:
Stor reportasje frå Færøyene om Jòanes Nielsen (og Lars Moa) i norske Klassekampen i dag.