Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Poeten bak Lady Chatterleys elskar
  Tirsdag 18. Juli 2006
Nyleg gav det engelske forlaget Penguin ut D. H. Lawrences mykje lesne Lady Chatterleys Lover i ny utgåve, med nytt føreord av Doris Lessing. I går starta Klassekampen opp ein følgjetong over romanen, ei «sommarbok» som skal gå over to veker.

Eg tenkjer at Klassekampen ser på gruvearbeidarsonen Lawrence sin roman om klassesamfunnet som eit framhald av «klassereise»-temaet. Dernest passar det vel bra no om sommaren med noko meir inngåande erotisk lektyre enn det som er vanleg på lesemarknaden i Noreg, meir «warm-hearted fucking», slik Lawrence ordla seg - og overtydde meg om - .

Ikkje så kjend er det vel at D. H. Lawrence var ein like så god poet som romanforfattar. Det ligg føre eit breitt utval dikt sett om til godt norsk av Per Olav Kaldestad, frå 1985 - med den smålåtne tittelen Dikt i utval, boka skulle finnast i dei fleste bibliotek. Det fall i min lodd å melde dikta for Dag og Tid, da dei kom ut, og denne bokmeldinga vil eg leggje ut på nettstaden.

Sidan det er myggtid i Noreg snart, tar eg eit av myggdikta til Lawrence: MYGGEN VEIT
Myggen veit det godt så liten han er
at han er eit rovdyr.
Men likevel:
han stoppar når magen er full,
han set ikkje blodet mitt i banken.

Her er den nye artikkelen min med kommentarar til «arbeidarlitteratur» og «klassereise» .


Nytt Jul 2006:

Louis Buñuel = surrealist
Tirsdag 25.

68 lyrikksamlingar 2006
Mandag 24.

Poeten bak Lady Chatterleys elskar
Tirsdag 18.

På konsert med Mikael Wiehe
Tirsdag 11.

Edith Irene Södergran
Mandag 10.

Deising i ein debatt
Torsdag 6.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn