| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Jul 2006
Louis Buñuel = surrealist
Tirsdag 25.
68 lyrikksamlingar 2006
Mandag 24.
Poeten bak Lady Chatterleys elskar
Tirsdag 18.
På konsert med Mikael Wiehe
Tirsdag 11.
Edith Irene Södergran
Mandag 10.
Deising i ein debatt
Torsdag 6.
Tirsdag 11. Juli 2006
På konsert med Mikael Wiehe
Det blir eit heilt hav av musikkonsertar, oppsøkande teater og revy og ulike kunstutstillingar dei neste vekene i Kragerø.
Høgast for meg av alt dette som fyller distriktet, rangerer konserten på fredag førstk. med Mikael Wiehe på Skåtøy vise- og lyrikkfestival . Det kjem nok rapport.
Men eg skal delta sjølv på opninga av Tåtøy kystkulturveke måndag, med mine nye dikt, og det gler eg meg til å bistå med.
Ps 18/7: Jo, Mikael Wiehe fylte teltet på Skåtøy opp med tusen nøgde tilhøyrarar på fredag - ved hjelp av rock og kommunisme, slik at alle for ei stakka stund var kommunistar, medan eg las dikt i går for 60 pers på Tåtøy barneskole. Mikael Wiehe kallar seg ikkje poet, sjølv om han har blitt «utnemd» til poet, men sångskrivare . Iallfall er Wiehe ein typisk folkeopplysar, det vil du kunne sjå av spalta hans kalt aktuelt .
Men det slo meg - og kanskje ikkje andre - at den største skilnaden på oss to var rockeorkesteret; kanskje skal eg skaffe meg eit eige rocke-orkester, eit ungt rockeband - ?
For meg var det sjølvsagt ei stor oppleving å høyre Wiehe på Skåtøy. Dersom du trykkjer deg inn på Mikael Wiehe ovafor, kan du lese om opplevingar som svarer godt til mine gjort no på fredag... Og vil du høyre meir om Tåtøy og meg på måndag, så gjer eit besøk i tilbake-meldingspalta mi - bjørka til Dahl, den 18. juli.