Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2006

Louis Buñuel = surrealist
Tirsdag 25.

68 lyrikksamlingar 2006
Mandag 24.

Poeten bak Lady Chatterleys elskar
Tirsdag 18.

På konsert med Mikael Wiehe
Tirsdag 11.

Edith Irene Södergran
Mandag 10.

Deising i ein debatt
Torsdag 6.

Torsdag 6. Juli 2006

Deising i ein debatt

For kort tid sidan knelte den karakteristiske bukk-krana på Tangen Verft, og etter meir sprengingsarbeid gjekk krana i bakken, slik at ein kunne kjenne grunnen riste over store delar av byen. Bukk-krana som har vori eit landemerke, blei bygd i 1966, altså for førti år sidan, på den tida da Tangen Verft i Kragerø konstruerte seksjonar til supertankarane opptil 300 000 tonn.

Tidlegare i år blei Blåhallen - ja, også den fungerte som landemerke og sjømerke - riven og fjerna. Grunnen til denne nedmonteringa er at skips-bygginga flaggar ut og skal flaggast ut av landet. Bukk-krana skal bli til spiker. Og la meg følgje dette biletet av ”oppflising”, la meg også følgje biletet av nedbygging inn i ein litteraturdebatt.