| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Jun 2006
antikrigs-ikonet Per Kleiva
Mandag 19.
Afghanarane sveltestreikar
Søndag 18.
Tidsskriftet www.nypoesi.net
Onsdag 14.
Poesi og galskap i roman
Søndag 11.
Iscenesetjing Lillehammer
Lørdag 10.
Lev med forfattarnaboen!
Tirsdag 6.
Mandag 19. Juni 2006
antikrigs-ikonet Per Kleiva
Biletkunstnaren Per Kleiva stiller no ut hos Nicoline i Kragerø. Han er kjend som kunstnar med ein enkel, effektiv stil, med færre fargar og element sett oppimot kvarandre i biletet, og gjerne med natur dramatisert mot «sivilisasjon» og politikk. Sjangeren hans er aller mest aktualisert grafikk, som ein kan rekne som ei demokratisk kunstform, fordi ho kan nå så mange ulike menneske, direkte frå veggen - . Vidgjete hos Per Kleiva er Vietnam-biletet, med rekkja av helikopter i ei grøn og blå setting , som blei laga under krigen. Tittel: Blad frå imperialistens Dagbok
På utstillinga i Kragerø møter ein nyare arbeid, med dei to fargane svart og kvit. Eg blei hyra til å vere med på å opne utstillinga 17/6, og eg har lagt inn meir eigne, personlege innfallsportar her.