Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2018

Kristofer Uppdal
Mandag 19.

Kommunion 2017
Tirsdag 13.

Skamtalen. Graceland
Mandag 12.

Snøfjonet kvervlar
Fredag 9.

Dearvva dutnje,
Tirsdag 6.

Oppstart
Søndag 4.

Fredag 9. Februar 2018

Snøfjonet kvervlar

Ei av diktbøkene som eg las (i fjor), det var ei ny ei, ho byrjar kvardagsleg forteljande. Iallfall er dette diktet tilsynelatande kvardagsleg, både forteljinga og situasjonen - :



Snøfjonet kvervlar.

Det har enno ikkje nådd bakken.

Eg går i same fart som snøen.

Lyden av ein skrensande bil fell

ned i togna.



Denne stilen er slett ikkje typisk i diktbøkene som kom. Diktet er skrive av Sindre Ekrheim, som også er litteraturmeldar i avisa Dag og Tid. Ekrheim er altså ein av dei relativt få meldarane som er att i avisverda etter at det har skjedd ei nedprioritering av litteratur.

Såleis er Sindre Ekrheim ein av dei som held fram med å bere oppe den skriftlege litteratursjangren vidare. Ettersom eg plar lese Dag og Tid, kan eg fortelje at inntykket mitt av Ekrheim er: ein god diktlesar, ein som har sansen for mange ulike skrivemåtar, slett ikkje berre sin eigen, om du trur det, denne som han nyttar f.eks i den nyaste boka si Rangsøles Litofaniar, ho eg har sitert frå over.