|
Poesi og galskap i roman
Søndag 11. Juni 2006 |
|
|
På festival går du inn i ei gruppe, de går ut om kvelden, og du blir kjend med menneske og har det artig. Du les også bøker, i bøker, på festival.
På Lillehammerfestivalen las eg romanen Ekstasar, nyleg kommi ut, forfatta av Øystein Vidnes. Romanen tar fatt i skjeringspunktet mellom utopi (her: anarkisme/anarki) og galskap (ordføraren i ein kommune er eg-person) og poesi/ musikk i menneskeskildringa. Eit herleg skjerings-punkt.
For ein gongs skyld kan ein røpe noko av sluttscena i ein roman som folk skal lese. Skjeringspunktet finst også der. På ein underfundig måte samlast romanen sine personar seg - saman med resten av nærmiljøet - i eit lokale. Og dette «møtet» teiknar like mykje til å bli ei oppklåring av ei ulykke, ei ulykksalig feiltaking, som til å bli ei politisk organisering, ei stille politisk mobilisering. Det er ei rørande sluttscene, tykkjer eg, sett gjennom hovudpersonen sine auge.
Øystein Vidnes er kjend for dei friske og einskapelege debutnovellene Bondeforteljingar (2002), med faktisk eit tema som liknar, men ikkje er stilt så på spissen som i Ekstasar . Eg kan tilrå begge bøkene. Øystein Vidnes er også brukt som journalist i Dag og Tid og som formgjevar i Biblioteket Gasspedal .
Her er eit intervju med forfattaren og med forf. Gunnhild Øyehaug (lenke frå Bergens Tidende).
Ps: For meg er temaet i Vidnes sin roman pirrande. Men det finst skumle skjer i sjøen. Avisa Aftenposten manglar ofte dialektikken i tankane sine, dessverre, og avisa kan også frykte det konkrete i denne verda. Dersom ein i romanen til Øystein Vidnes ikkje vil tenkje på galskap i det heile, eller erkjenne ein likskap mellom politisk draum & retorikk - og rein galskap, da mistar lesaren det gode drivet, slik må det gå, sjølv med ein god slump ord med på lasset frå bokmeldaren. Da kan det bli som dette .
|
|
|
|
|
|