Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Jan 

Nytt Jan 2018

Varslarane
Tirsdag 16.

Organisering
Fredag 12.

Ei bok om Erik Bye
Onsdag 10.

Filosofi og lyrikk
Søndag 7.

Så vart det usunt
Lørdag 6.

Kunst for dei mange
Mandag 1.

Lørdag 6. Januar 2018

Så vart det usunt

Bøker. Dei siste to bøkene som eg fekk (lånt som vanleg) frå Folke-biblioteket, av dei nye utgjevne diktbøkene i 2017, var også somme av dei beste eg fekk. Og det var Torleif Bjellas Jordsjukantologien, og det var Bao Nakashima si SE, VITE, TENKE.

Torleif Bjella som er ein kjend visediktar, debuterte i bokform med ei skildring frå landbygda som handlar om jakt på meir jord - dvs areal - i Noreg, ei konkurransejakt som kan bli «sjukeleg», ifølgje forfattaren. Jord kan bli og er blitt eit spekulasjonsobjekt, ser det ut til. Dette utsnittet (side 12) er brukt som introduksjon på baksida av boka til Torleif Bjella:

Det gjekk fleire år.
Eg fekk korkje ei melding
eller ei helsing.
Det var heilt stille.
Ingen ringde og ingen spurde
Lenge likte eg det.

Så vart det usunt.
Einsemda kom
som storauren oppover bekken.
I mørkeret.


I den vesle boka fortel Bjella levande frå innsida i prosjekta, det er noko lesarane alt har sett mykje pris på. Den boka bør du da ikkje berre låne, men kjøpe.

Om 9 år gamle Bao Nakashima si kortfatta bok: Snart.