Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2006

antikrigs-ikonet Per Kleiva
Mandag 19.

Afghanarane sveltestreikar
Søndag 18.

Tidsskriftet www.nypoesi.net
Onsdag 14.

Poesi og galskap i roman
Søndag 11.

Iscenesetjing Lillehammer
Lørdag 10.

Lev med forfattarnaboen!
Tirsdag 6.

Lørdag 10. Juni 2006

Iscenesetjing Lillehammer

På den største norske litteraturfestivalen skjer det ulike saker. Kjende norske forfattarar frå Ibsen og «nedover» blir iscenesette. Lite kjende utanlandske forfattarar og artistar, for eit norsk publikum, får endeleg sleppe til, t.d amerikanaren William T. Vollmann. Og straks vil eg nemne svenskfødde Charlotte Engelkes med engelsk tekst og song og dans og teater og revyinnslag.

Når Klassekampen sine tre journalistar på festivalen oppsummerer og spør:«Kor blei det av teateret?» kunne dei iallfall kommentert Engelkes, frå festivalopninga. Eg vil jamføre henne med Victor Borge når det gjeld kombinasjon av klassisk skolering og stand-up. Det eg vil fram til, er den raske overgangen mellom høgt og lågt hos desse to artistane. Engelkes kan komme til å bli den store og elska avløysaren for Victor Borge.

Skilnaden mellom dei to artistane er først og fremst Engelkes sitt fokus på kvinnevilkår.


Ps: Vollmann kjem no ut på norsk .

Ps: Det var ei dramatisk iscenesetjing til som eg vil nemne, denne frå hagefest-arrangementet, Dan Fägerquist med Vysotskij-tolkingar . Vi snakkar om visesong og ei form for dramatikk når det gjeld Vysotskij (som også var praktiserande skodespelar). På Fägerholm, som har vori innom rock, kunne ein høyre påverknad også frå slik musikk, resultat: ein orgie i rytmar. Men først og fremst tok Fägerholm vare på teksten, i ei god, tildels fri, svensk omsetjing. (F.eks møtte vi den norske boksaren Steffen Tangstad i ei av desse Vysotskijs viser.)


Her er Vysotskij på You Tube .