|
Lev med forfattarnaboen!
Tirsdag 6. Juni 2006 |
|
|
Vel tilbake frå Lillehammerfestivalen, og eit hav av forfattarar samla der, opnar eg bladet vi i villa, som har dunka i postkassa mi. Der er det både comfort, crossyklar og Solingen grytesett; bladet har eit opplag på ca 1,2 millionar. Overskriftene på framsida dreier seg om Toten, som er romantisk, om vasshage i Aurskog-Høland og om frodig uterom i Son. Skal vi seie at Austlandet er overrepresentert?
Så kan vi spørje kven folk vil ha og ønsker som nabo. På side 42 står det at kjendisnaboar er lite populært. Berre 1 % vil ha realitykjendisar, 2 % vil ha rockemusikarar, og 2 % vil ha mote- og fashionmodellar. Derimot vil 14 % ha ein kjendisnabo som er kunstnar, 14 % vil ha kjendisnabo som er komikar, og 21 % vil ha kjendisnabo som er forfattar. Personleg er eg ikkje kjendis, men berre lokalkjendis; likevel tar eg undersøkinga til inntekt for min eigen posisjon.
Leiarartikkelen i bladet er interessant. I følgje leiarartikkelen har bladet vi i villa vaksi til å bli Noregs mest lesne blad, og eg har ingen grunn til å mistru opplysninga.
Sjå undersøkinga av naboønske og anna i vi i villa, som også blir lesi av folk i rekkjehus m.m.
|
|
|
|
|
|