Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2017

Diktets Venner
Torsdag 31.

Halldis Moren Vesaas
Torsdag 31.

Visekunsten
Tirsdag 29.

I september
Fredag 25.

Slagersongar
Tirsdag 22.

Ariana Reines
Mandag 21.

Diktkammeret ekspenderer
Søndag 20.

Fullt i gang igjen
Mandag 14.

Stein Mehren (igjen)
Mandag 7.

Kysten mot vest og sør
Tirsdag 1.

Torsdag 31. August 2017

Halldis Moren Vesaas

Halldis Moren Vesaas har skrive somme av dei mest brukte norske dikta. Eg hadde høyrt og støtt på Moren Vesaas i mange saman-hengar i diktverda. Men lenge hadde eg ikkje sett noka full enkelt-samling eller bladd i hennar «samla dikt». Og eg ønska meg meg samla dikt i bursdagsgåve sist, noko eg også fekk. Nrk har fine opptak av henne medan ho les og blir intervjua. (Eg hadde nok tidleg høyrd henne på scenekanten men aldri møtt henne sjølv på eller bak scena.)

Her ønsker eg også å trekkje fram eit alderdomsdikt av Moren Vesaas. Det diktet kom nokså seint i den siste og svært suksessrike diktsamlinga i 1995 med tittel LIVSHUS, det var det siste året ho levde; ho blei 88 år gammal.

Til kroppen min


Du tente meg trufast i alle våre år.
Eg trur nok at eg baud deg levelege kår
og for det gav du rikeleg verderlag
- til du brått gjorde opprør ein dag.

Du som før var slave er no ein tyrann
som styrer mitt liv med allmektig hand,
men som enno viser mildskap og nåde iblant.
Du unner meg ei god natt i natt, ikkje sant?


Halldis Moren Vesaas var ein forfattar som skreiv i heile sju tiår og som dessutan la vekt på at det vanlege livet måtte kunne levast.